Migrasong – tonane dei bar med seg over havet

MIGRASONG – tonane dei bar med seg over havet
Stad og tid: Bergens Sjøfartsmuseum 13. september 2018, kl. 19.00

Velkommen til kulturkveld på Bergen Sjøfartsmuseum med musikk- og forteljarprogram der vi set fokus på songen som utvandrarane hadde med seg til Amerika på slutten av 1800 talet.

Framsyninga er samansett på grunnlag av eit stort historisk materiale. Me fylgjer utvandrarane si reise frå små bygder i Hordaland: fyrst til Bergen, så vidare til Hull i England, med tog til Liverpool og så over Atlanteren til det lova landet, Amerika.
Musikk- og forteljarprogramet vert framført av fylkesmusikar og songar/forteljar Reidun Horvei. Ho vert akkompagnert av Øyvind Lyslo (gitar og diverse strengeinstrument) og Per Inge Hove (harmonium). Tore Nysæther er regissør, dramaturg og samarbeidspartnar. Bilete og animasjonar er laga av Steffen André Hagen. Museumsdirektør Per Kristian Sebak vil innleie om den norske utvandringa til Amerika.

  

Fra venstre: Reidun Horvei, Øyvind Lyslo og Per Inge Hove.

Migrasong er eit Kystsogeveke-arrangement og vert arrangert i samarbeid mellom Bergens Sjøfartsmuseum, Kystsogevekene og Hordaland Fylkeskommune.

Program
18.15: Dørene vert opna
19.00: «Reisa frå Bergen til USA omkring 1900». Innleiing om norsk utvandring til Amerika ved Per Kristian Sebak, direktør ved Bergens Sjøfartsmuseum
19.30: Migrasong – tonane dei bar med seg over havet (framsyninga tek 70. min
20:45 Kaffe/enkel servering.
21.00: Slutt

Billettar
Vaksne 200,- Barn (under 16 år) 100,-

Billettar vert seld ved døra og kan kjøpast på førehand på Bergens Sjøfartsmuseum alle dagar kl. 11-15. Billettar kan også førehandskjøpast over tlf og betalst med Vipps. Ring tlf: 55549608/55549606.

Comments are closed.

Adresse

Postadresse: Postboks 7800, 5020 Bergen.
Besøksadresse: Haakon Sheteligsplass 15, 5007 Bergen.

Kontaktinformasjon

Telefon: 55 54 96 00
Telefon samlingene: 55 54 96 15
Kontakt: Klikk her
Org. nr: 980 769798

Copyright © 2018 Stiftelsen Bergens Sjøfartsmuseum